mandag 1. oktober 2007

Skulestart!

I forhold til kva dei fleste i klassen, syntes eg at det var litt morosamt å starte på skulen igjen. Etter 2 månedar med fri og seine kveldar hadde eg litt lyst til å kome i gang igjen.
Med ein gong eg kom på skulen gikk arbeidslysten vekk. Når eg sto foran den svære bygninga med alle dei store, tunge trappane tenkte eg at det kom til å bli enda hardere enn i fjor.
Det skulle sjølvsagt bli morosamt og kult å treffe klassa igjen, og å hilse på de nye som skulle starte i klassa vår.


Etter ein lang tale frå rektor, opprop og masse, masse folk samla i eit veldig lite rom, gekk klassane endelig til kvart sitt klasserom.
Alle i 2STF var blide og fornøgde (med unntak) og eg syntes virkeleg at det var koselig å sjå igjen klassa.
Absolutt alle hadde ein eller anna artig-historie-som-bare-er-artig-om-du-er-der-sjølv-historie som eg alikevel flira av (sjølv om eg ikkje var der!) og eg fekk høyre kva folk hadde gjort i sumar. Det ble mykje klemming, fliring, bråking og styr, som fekk meg til å tenkje over kor bra det var at eg IKKJE starta på skule i Tønsberg alikevel. :)


Kva eg har gjort i sumar er egentlig ikkje sååå mykje spesielt. Etter å ha vært på ein del festivalar og nede hos pappa kor kvar dag er like sløv og herlig, var det faktisk godt å kome på skulen å jobbe litt igjen.

Sumarens høgdepunkt var heilt klart Storåsfestivalen. Eg dro dit sammen med mine beste vennar og fekk meg kanskje ein del nye gode vennar. Eg møtte også folk ifrå klassa slik som Hedda, Liv (som er veldig savna) og fleire. Eg anbefalar virkeleg alle å dra på Storåsfestivalen. Alle eg møtte der var trivelige og imøtekommande, og eg angrar virkeleg ikkje på at eg dro dit! :D Det skal heilt klart gjentaes neste sumar.







Eit koseleg, lite bilde av meg og Hedda på Storåsfestivalen! :)